Mottok aldri varen eg kjøpte
Etter å ha venta 2 veke på å motta strikkepakken eg bestilte til ca.kr.1200,- (for garn og oppskrift) sendte eg e-post for å etterlyse denne. Fekk rask tilbakemelding om at pakken var komt på avveie... (noko som kan skje), og de svare at de sender ny pakke og eg slår meg til ro med det. Etter ei lita veka får eg varsel om at pakken er lagt i postkassen. Men gleden var kortvarig, for då eg opna postkassen ser eg ein kjempe liten pose. Når eg opna posen ser eg 1 nøste!!! Også er fargen er feil!! Snakk om frustrasjon!! Eg sendte e-post og kansellerte ordren. Dette tok heldigvis ikkje så lang tid, og fekk bekreftelse på refundert beløp dagen etterpå. Men heile opplevelse var berre skuff. Kjem ALDRI til å bestille herfra igjen.






