Svindel og truande
Eg har vert kunde og har nytta meg av dette tilbodet i 2 år.
Når eg bestilte bøker og ting på det såkalla gavekortet, så gjekk ikkje dette igjennom hjå dei, beleilig nok, og innan eg etterspurte leveransen, så var bestillingen borte og gavekortet utgått. Uff, så leit, sa selskapet.. eg valgte likevel å behalde medlemsskapet, ikkje minst fordi du blir lurt til å vere medlem i 1 år. Avbestilling går heldigvis relativt greit,en du må jobbe inn ei rutine der du svippar innom medlemssida di veldig ofte, ellers blir dette veldig, veldig dyrt!
Eg fekk no barn for 2. gong og gjekk utifrå at også dette barnet kunne få gavekortet, men nei, kun eitt pr. medlemskap. Eg klaga, og det einaste dei kunne tilby meg var at eg kunne melde meg ut, for så å melde meg inn igjen.
Eg takka nei, og då byrja telefonterroren. Eg blei ringt til kl.06 på morgonen, 21 på kvelden og alt imellom, unntak av svarteste natta.
Desse framstår som svindel, useriøst og heilt på grensa til stalking, og dette har vert utruleg ubehageleg!
Eg vil anbefale alle som ser fristande tittlar å heller kjøpe desse andre stader, aller helst brukt. Då sparer me miljøet, og samtidig unngår ein å finansiere semi-kriminelle bedrifter.







